Estlandskveld og misjonskveld tysdag 15. juni


Velkomne til Estlandskveld tysdag 15. juni kl 19 i Skodje kyrkje ved Asbjørg Oksavik Sve, Laila Helle, Jan Løkkeborg og Arne B. Varmedal.

 

Prosjekt Skodje

Skodje sitt misjonsprosjekt er i Estland, med støtte til to nyetablerte kyrkjelydar, den eine som ny kyrkjelyd i ein forstad i Tallinn kommune med over 60 ooo innbyggarar utan kyrkje. Den andre i Saku kommune utanfor Tallinn, der det ikkje var aktivitet i det gamle bedehuset lenger starta den norske presten Magne Mølster ein kyrkjelyd. Begge desse har faktisk no fått til å bygge nye kyrkjebygg på rundt 10-12 år, men dei manglar innreiing og støtte til medarbeidarar. Begge driv eit diakonalt arbeid for familier i randsona- I tillegg støttar vi eit ungdomsarbeid, der eit kristent magasin faktisk er med på å samle dei kristne ungdomane i landet. 40 år etter kommunismens fall er dette det landet i aust som har hatt minst auke av kristne i Europa. Vi arrangerer no ein Estlandskveld i Skodje kyrkje tysdag for å støtte desse. Misjonsrådgjevar i NMS, Laila Helle kjem for å informere om kampanjen «Saman som kyrkje for heile verda», diakon Asbjørg Oksavik Sve kjenner godt tilhøva i Estland etter 11 somrar på sommarleir der, og har då besøkt dei to nyetablerte kyrkjelydane som ho vil fortelje og syne bilete frå. Sokneprest og kantor vil også delta.

Vi støttar våre systerkyrkjer ute i verda. 

I pandemitida vil vi vere til for våre systerkyrkjer i Estland. «Saman som kyrkje i heile verda» heiter ein kampanje som no 175 kyrkjelydar i Norge har frå Kristi himmelfartsdag til jonsok. Både Skodje kyrkjelyd og Ørskog kyrkjelyd har meldt seg på dette i år. Vi har ein spleis gåande. For ENKELTGÅVER kan du bruke konto 8220 02 85057, og såleis få skattefrådrag om du melder inn til NMS 

Som kyrkje er vi ikkje berre lokale, sokneråda har vedteke i våre planar at vi skal drive internasjonal diakoni også. Misjon og diakoni er to sider av same sak, sjølv om dei står på kvar sitt bein.

Velkommen til Estlandskveld i Skodjekyrkja ved diakon Asbjørg Oksavik Sve, misjonsrådgjevar i NMS Laila Helle, sokneprest Jan Løkkeborg og kantor Arne B. Varmedal.

Beste helsing Asbjørg Oksavik Sve, diakon

----------

Foto av den eine nybygde kyrkja i Estland, Saku kyrkje kan brukast. Fotograf: Magne Mølster

Tilbake