Kva skal vi tru? Temakveld om historia bak truvedkjenningane.


Tysdag 8.des. kl 19.30, vert det ny temakveld i Skodje Kyrkje. Den var tidlegare planlagt 13. okt., men som så mykje anna vart den utsatt pga koronasituasjonen. Men no prøver vi igjen. Og denne gongen handlar det om truvedkjenninga.

 

Kvar søndag i alle kyrkjene rundt i landet reiser folk seg og vedkjennast den heilage tru. Kvifor gjer vi dette, og kvar er opphavet til desse orda ? Vi skal få gå inn i den historia denne tysdagskvelden. 

Forutan den evangelisk - lutherske vedkjenninga sluttar Den norske Kyrkja seg til dei 3 oldkyrkjelege vedkjenningane. Den apostoliske er den som vert mest brukt. Men det er den såkalla nikenske truvedkjenninga flest kyrkjer i verda samlast om. Denne har ei dramatisk, blodig og spanande historie. For 1500 år sidan vart det på nokre kyrkjemøte vedteke det som skulle verte den offisielle trua til dei kristne kyrkjene rundt i verda. Men det vart også eit vegskilje for kyrkjene i øst og vest. Sokneprest Jan Løkkeborg på Skodje vil fortelje historia om korleis dei søkte seg fram til ei forståing av kven Jesus er, og ein treeinig Gud. Bakgrunnen kan gi oss ei breiare forståing av kvifor dette er eit viktig ledd i kyrkja sin liturgi.

Den nye soknepresten vil også fortelje litt om kva han har tru for. Kva ynskjer han for Skodje Kyrkjelyd, kva tankar og draumar dreg han med seg inn i tenesta som sokneprest ? Desse kveldane har rom for undring, spørsmål, og forhåpentlegvis også nokre svar.

Arrangementet vert begrensa til 50 personar, og vi trur det vil verte plass for alle som vil kome denne førjulskvelden. Velkomen !

 

For våren 2021 er kyrkja avsett til temakveldar den andre tysdagen i månaden. Informasjon om tema kjem etterkvart som det er klart. 

Tilbake