Fellesskap og vekst: Temakveld 28. september


Velkomne til temakveld i Skodje kyrkje tysdag 28. september kl 19.30. Temaet er fellesskap og vekst ved Jan Løkkeborg.

 

Fellesskap og vekst. Ny temakveld i Skodje Kyrkje.

Komande tysdag er det duka for ein ny temakveld i Skodje kyrkje. Denne gongen er det fellesskap og vekst som er tema. Temahaldar vert soknepresten på Skodje, Jan Løkkeborg. Han vil leie oss i inn temaet ved å vise til korleis den første kristne kyrkjelyden opplevde både kvalitativ og kvantitativ vekst gjennom storfellesskapet og dei små husgruppene.

Både det store og det nære fellesskapet er viktig for å sjå sunne og veksande kyrkjelydar. Dette syner også dei mange kyrkjene rundt i verda i nyare tider som opplever at kyrkjelyden veks, i tal og personleg mogning. Prest Jan tek også med seg erfaringar frå andre kyrkjelege samanheng der dei mindre fellesskapa har vore avgjerande for vekst og sunnheit.

Temakvelden har også som vanleg «min salme», Det blir tid til både spørsmål og enkle forfriskingar. Det gleder oss å sjå at desse kveldane trekker folk ikkje berre frå Skodjebygda, men frå fleire himmelretningar !

Velkomen.

Tilbake