I år vert det 2 julekonsertar i Skodje kyrkje. Og det er kjekt å kunne tilby musikk av høg kvalitet med lokal tilknytning. 10. des er det unge musikarar som alle har satsa på musikk.
Søndag 10. desember inviterer Marie Løvås, Sondre Ferstad, Torgeir Hovden Standal og David Løvås til julekonsert i Skodje kyrkje. Med ei spennande besetning beståande av vokal, gitar, munnspel og perkusjon vil publikum få høyre kjente, og kanskje ikkje fullt så kjente julesongar, i ei ny drakt. Med eit repertoar som inkludererar både folketone frå Ørsta til O helga natt på nynorsk vil konserten få eit lokalt og folkemusikk-inspirert preg med julesalmane i fokus. Vi håper å skape ein varm, upolert og nær julekonsert andre søndag i advent der publikum kan senke pulsen for ei stund.
Om musikarane:
Marie Løvås er låtskrivar og vokalist frå Skodje, busett i Oslo. Ho gav ut sitt debutalbum «Natta ser det som ingen ser» gjennom Kirkelig Kulturverksted i 2020. Marie har studert utøvande rytmisk musikk ved NLA Staffeldtsgate og musikkterapi ved Norges Musikkhøgskole. I 2022 mottok ho Statens kunstnarstipend for unge populærkomponistar og ferdigstiller om dagen si andre plate.
Sondre Ferstad og er musikar og komponist frå Skodje, busett i Trondheim. Han er utdanna ved Jazzlinja NTNU 2014-2017. Han tok sin bachelor i utøvande jazzmusikk med kromatisk munnspel som hovedinstrument, som den einaste nokon sinne. Han har gitt ut to plater i eige navn og gjort eit bestillingsverk saman med Lars Saabye Christensen for å nemne noko. Våren 2024 gjer han eit bestillingsverk til Trondheim Jazzfestival; «Pieces of wood».
Torgeir Hovden Standal er gitarist frå Ørsta, busett i Ålesund. Han har studert ved NTNU i Trondheim og Norges Musikkhøgskole. Han har spelt med artistar som Siril Malmedal Hauge og Natalie Sandtorv, og i bandprosjekt som The Jist, Hityamac, Standal/Hovland/Lødøen-trio og sitt eige soloprosjekt.