Skodje kyrkjelyd > Vis


Gudsteneste 3. mai og årsmøte.


Komande søndag er det duka for ei heilt vanleg gudsteneste i mai..! Etterfulgt av årsmøte. 

Mai er månaden for konfirmasjonar og høgtidsfeiringar. Komande søndag er det ei heilt vanleg gudsteneste med dåp. Vi vonar likevel at det vert ei uvanleg god gudsteneste ! Teksten for dagen handlar om vintreet og greinene. Og igjen nyttar Jesus eit bilete for å beskrive kven han er. Denne gongen kjent for israelsfolket og jødane som knytter an til vintre og oljetre. No har alle gjennom dåp og tru blitt poda inn på dette treet. Korleis ber vi frukt og finn liv, det er noko av tematikken på søndag.
I etterkant av gudstenesta vert soknet sitt årsmøte halde. Vel møtt !

Tilbake