Avskjedsgudsteneste 5. februar


Det vert avskjed med diakon og trusopplærar Asbjørg Oksavik Sve førstkomande søndag.

 

Såmanssøndag denne gongen får preg av ei takkegudsteneste. Asbjørg Oksavik Sve tek ut pensjon og sluttar i tenesta om kort tid. Det er sjølvsagt vemodig, men fram for alle ting vil kyrkjelyden takke henne for tenesta gjennom mange år. Både gudstenesta og kyrkjekaffien får eit ekstra løft denne gongen. Skodje Kyrkjekor vil vere med både å syngje og leie allsongen. Asbjørg vil delta med preika, og øvrige stab vil også vere tilstades og delta. Vi skal heller ikkje gløyme dåpbarnet og festen det er når lille Emil skal døypast. Kyrkjekaffien får noko ekstra godt attåt. Og det vert også høve til å kome med helsingar og takk til Asbjørg under kyrkjekaffien. Då vonar vi at mange har høve til å kome til kyrkje denne søndagen og feire gudsteneste og ikkje minst gjere dette til ein minnerik dag for Asbjørg og kyrkjelyden.

Tilbake