Temakveld 11. oktober !


Temakvelden denne gongen gir eit glimt inn i Guds under, i eit land som har djupe sår frå eit skrekkregime i nær historie. Vi snakkar om Kambodsja i Indokina.

 

 Kontakta med landet starta gjennom ein overlevande frå regimet, Sivun Pen, som var finansinspektør då Pol Pot kom til makta. De ser han til venstre i biletet.  Alle intellektuelle og akademikarar havna på dødslister og Sivun var ein av dei som mirakuløst overlevde. Han fekk etter frigjeringa vere med å bygge opp at landet, men måtte røme då han oppdaga utbreidd korrupsjon i statsapparatet. På den farlege flukta over til Thailand vart han ein kristen. Seinare fekk han innvilga asyl då han kom til Noreg jula 1994. Denne historia vart til biografien «Overleve» som vart utgitt på Gyldendal forlag.

Gjennom møte med denne karen har vi fått eit innblikk i Guds under og mirakel både i denne personen sitt liv, men og gjennom det som Gud har fått bruke han til i Kambodsja. Og ikkje minst korleis evangeliet går fram i eit lutfattig land som også har minoritetar som har det tøft. Både urbefolkning og dei kristne. Arvid Ødegård og soknepresten har hatt fleire turar til dette fascinerande landet, som er så ufatteleg grøderikt at det i seg sjølv kan likne på paradis. Men som og ber i seg så mykje terror og skrekk at det er utruleg at folket kan leve side om side idag. Ikkje minst er det dei mange fantastiske historiene om kva Gud gjer og korleis evangeliet har fått spreie seg som har gjort inntrykk på dei to karane som ynskjer å dele inntrykka. Gjennom den utrulege historia til Sivun Pen og hans familie har det blitt knytt sterke band og landet har bokstaveleg opna seg når vi har fått fylgje i hans fotefar.

På temakvelden vil du gjennom ord og bilete få eit lite innblikk i den grusomme historia, men mest alt det spennande som skjer der no. Som vanleg vert det tid til ein god samtale, ein salme og enkel bevertning. VEl møtt kl 19.30 tirsdag 11. oktober.

Tilbake