Kyrkjelydsbasar 25. september


Den årvisse kyrkjelydsbasaren i Skodje blir arrangert laurdag 25. september kl 12-16 i og utanfor Skodje bedehus. Vi organiserer basaren slik at det skal vere trygt å komme. Inntektene frå basaren går til drift av ulike tiltak i kyrkjelyden og er ei viktig inntektskilde for kyrkjelydsarbeidet i Skodje. 

 

Basaren er eit sosialt og uhøgtidleg arrangement der folk samlast til mat og prat. Olav Rønneberg vil halde ord for dagen, og det blir nokre kulturinnslag. Kantor Arne B. Varmedal deltek også. Vi vil ha kafè med sal av kaffe og kaker. Det er også høve til å kjøpe middag;  heimelaga bacalao. Det blir sjølvsagt tombola og åresal, samt trekning av hovudlotteriet. Næringsliv og private givarar har gitt mange fine gevinstar. Av gevinstane er måleri gitt av Inger Berit Stette, Saueskinn frå Gradal gard og innramma fotografi av Arnold Hoddevik. 

No er det 1,5 år sidan sist basar. Den vart arrangert rett før samfunnet stengte ned i mars 2020. No gleder vi oss over at samfunnet på nytt så smått har opna opp igjen. Siste laurdagen i september arrangerer Skodje sokneråd basar på bedehuset. Det skal vere trygt å komme. Vi nytter handdesinfeksjon, nok avstand og smittevernregistrering. Er du sjuk er det mulig å støtte oss frå sofakroken heime. Vi vonar at mange vil ta turen innom basaren!

Skodje sokneråd

Tilbake