Skodje kyrkjelyd > Vis


6-årssamling og utdelinga av bok i kyrkja


SAMLING i kyrkja torsdag 3. mars og tysdag 8. mars, begge kl 17.30-19. GUDSTENESTE i kyrkja søndag 13. mars 2022 kl. 11. Då blir det utdeling av 6-årsbok.

Til deg som fyller 6 år i år

Vi vil gjerne invitere deg til tre samlingar i Skodje kyrkje. To ettermiddagar; torsdag  3. mars og  tysdag 8. mars, begge kl. 17.30  – 19. Den siste er gudstenesta i kyrkja søndag 13. mars kl. 11.

  • Foreldra dine eller fadrar er velkomne til å vere der saman med deg.
  • Dei to ettermiddagane skal vi synge, leike, høyre bibelforteljing, sjå oss litt rundt, lære om dåp, ete litt og lage noko fint.
  • Søndagen skal vi delta på gudstenesta med songen vi øvde på, og du får utdelt ei bok vi kallar 6 - årsboka!
  • Etter gudstenesta vert det kake og saft til alle, og kaffi til dei vaksne.

Helsing  Asbjørg diakon og Jan prest og nokre gode hjelparar.

 

Info til føresette:

Vi ynskjer barn som er fødd i 2016 med foreldre velkomne på to ettermiddags-samlingar og ei gudsteneste i Skodje kyrkje. Om de foreldre ikkje kan kome, utfordre  ev. fadrar eller besteforeldre.

Borna får lære litt om dåp, høyre/sjå nokre bibelforteljingar og synge eit par kristne barnesongar som vi også syng i kyrkja på søndagen. Noko å bite i står også på programmet på kveldssamlingane.

6-årssamlingar med bokutdeling vert arrangert over heile landet kvart år og er eit trusopplæringstiltak i Den norske kyrkja. Trusopplæringa vart auka i kyrkja når kristendomstimane vart redusert  i skulen for ein del år sidan og difor sender vi ut personleg invitasjon i posten til alle døypte.  Under dåpen vart det gjeve eit løfte om å lære barnet om den kristne trua, og vi ynskjer å vere til hjelp i den kristne oppsedinga. Målet vårt er eit årleg tilbod i kyrkja for det enkelte barn.

Våre tiltak er opne for alle born, uansett om dei er døypte eller ikkje, men vi har ikkje namneopplysningar  på andre enn dei som er døypte.

Det er inga påmelding, men gje oss beskjed før samlinga om det er noko vi bør vite om barnet ditt for at det skal ha det bra hos oss (matallergi, dårleg syn eller dårleg høyrsel, rullestolbruk eller andre ting), Send ev. info på sms til 92 61 47 67 til Asbjørg

Ta med utfylt lapp om løyve til bruk av foto tekesamlingane.


Beste helsing Trusopplæringsutvalet i Skodje kyrkjelyd v/ Asbjørg Oksavik Sve, diakon i Skodje kyrkjelyd

 

Fylg Skodje kyrkjelydfacebooksida: Skodje sokn og heimesida https://skodje.kyrkjelyd.no

Tilbake