Liturgiske melodiar


Etter at soknet hadde sitt årsmøte og gitt innspel til val av liturgiske melodiar, har soknerådet no fatta endeleg vedtak. Der vart det fleirtal for å bruke Almenserie 2, den som kyrkjelyden har prøvd ut i haust og denne våren. Til grunn for dette var at soknemøtet hadde nesten likt stemmetal i si avrøysting, medan gustenesteutvalet var nesten samrøysta for å nytte den nye almenserien. I saka som soknerådet behandla vart det også sagt at ein kan gjere unntak i einskilde gudstenester der ein finn det naturleg å nytte Almenserie 1, som kom i bruk i kyrkjene i 1977. 

 

Tilbake