Temakveld 7. februar !


Komande tysdag er det duka for ny temasamling i kyrkja.

 

I januar fekk vi besøk av Helge Standal. Han hadde ein interessant bibeltime om Babels tårn og trakk linene fram i vår tid. Og mange kom og ville høyre. Om soknepresten evner å følgje opp gjenstår å høyre for dei som dukkar opp tysdag som kjem. Temaet er "Politikk og religion - Abraham sitt møte med Melkisedek". Kan politikk og religion gå saman ? Dei fleste av oss vil vere samde om at det har vore ein dårleg miks. I dei 4 versa vi finn i 1. Mosebok 14 om Abraham som møtte denne mystiske mannen trekker forfattaren av Hebrearbrevet dei store linene. Også mot framtida. Desse 4 versa gøymer ikkje berre et frampeik at poltikk og religion skal kunne smelta saman ein gong. Men kanskje framst av alt er dette møte eit teolgisk midtpunkt i heile den Bibelske openberringa. Kvifor desse 4 versa fekk slik stor betyding vil du kanskje få svar på om du kjem tysdag 7. februar kl 19.30. Det er duka for nok ein temakveld med bibeltimepreg. Sokneprest Jan vil leie oss inn i møte med eit spennande tema. Vel møtt !

Tilbake