Velkomne til ein innhaldsrik gudsteneste julaftan kl 15.00 i Skodje kyrkje!
Det vert feiring for heile familien i Skodje kyrkje jualftan. I år som i fjor vert det ei gudsteneste og då reknar vi med godt besøk. Dei som kjem vil bli møtt av Skodje skulekorps og til inngang i gudstenesta vil barnekoret syngje. Seinare i gudstenesta vil vi også få lytte til Marie Løvås som tolkar kjende og kjære julesongar. Kanskje får du høyre juleevangeliet på eit framandt språk, i alle fall på norsk ! Og før vi reiser heim til ein god julemiddag skal vi sjølsagt få høyre ein andakt om jula sin bodskap. Vel møtt til gudsteneste julaftan !