Årets gudsteneste under Fjord Cadenza vert ekstra krydra med mange gode utøvarar.
Årets festivalgudstjeneste vert ei folkemusikkmesse med musikk frå Henning Sommerros "Vindens hjul", samt musikk frå Stafset-samlinga.
"Vindens hjul" er eit unikt vekselspel mellom liturgi, folkelig gammeldansmusikk, messetekstar, improvisasjon, kor og menighetssong. Verket er inspirert av gruvemiljøet på Røros og Johan Falkbergets forteljingar, der folkemusikken møter den europeiske kunstmusikken i ein frodig lokal musikktradisjon.
Messa gir stort rom for improvisasjon mellom dei faste delane, og framstår ulikt kvar gong ho vert framført - prega av dei som medverkar. Det skapar ein særskild stemning der publikum nesten ikkje kan la vere å trampe takten.
Medverkande musikarar er Ferdfolk, Marc Labruijere, Magen Fremmerlid,Rolf Baltzersen, Skodje Kyrkjekor og Miki Campins.Sokneprest Jan Løkkeborg leier gudstenesta.
Kom og opplev denne unike folkemusikkmessa som har rørt publikum både i innland og utland gjennom 30 år.