Komande torsdag, 14. mai, vert den årvisse friluftsgudstenesta på Tøsse kl 12.00, nede i fjøra. I år vert barnekoret frå Ørskog med !
Kvart år veksler Skodje og Ørskog om å ha ansvar for friluftsgudsteneste nede ved nausta på Tøsse. Dette året har Skodje det praktiske ansvaret. Ifjor vart veret bra og mykje folk dukka opp. Vi vonar at det same skjer dette året. Grillar vil vere klar etter gdustenesta, der barnekoret frå Ørskog vert med. Gudstenesta vert lagt til rette for borna og etterpå vert det også noko å finne på. Ta med grillmat og noko å sitte på. Bilen parkerer du på anvist plass, og ruslar den korte vegen til fjøra. Om nokon har problem med bevege seg så er det høve til at ta nokre få bilar heilt ned. Gled deg til eit møte ute i det fri ! Vel møtt.