Skodje kyrkjelyd > Vis


Fjord Cadenza - gudsteneste 30. august kl 12.00.


Årets Festival- gudsteneste har fått tittelen"Missa Cadenza": Det er kyrkjelyden sin eigen kantor, Marc Labruijere som har komponert musikken vi skal få høyre.

Marc har satt saman ein trio beståande i tillegg til seg sjølv av gitarist Ketil Strand og tenor Markus Bjørlykke. Vi skal få oppleve ei spennande gudsteneste som er inspirert av musikken til Knut Reiersrud og Iver Kleive. Mange vart veldig begeistra for fjordårets festivalgudsteneste som var folkemusikkmesse komponert av Henning Somerro. I år følger vi opp med nok ei messe med særprega musikk, og som i fjor vil alle dei vante elementa frå ei gudsteneste vere med, men med ei litt anna musikalsk innpakning. Det er berre til å glede seg, og sette av dagen, og merke seg tidspunktet, kl 12.00, i Skodje kyrkje. Vel møtt!

Tilbake