Skodje kyrkjelyd > Vis


Gudsteneste søndag 16. august kl 11.00


Komande søndag gjer  Ørskog - presten Jan Kristian Behrentz vikarteneste i Skodje. Tekstane handlar om Guds omsorg og det å stole på Ham. 

Tekstane for dagen møter oss med noko som skulle vere aktuelt til alle tider, sut for morgondagen. Korleis skal vi handtere bekymringar, både dei sjelelige, menneskelege og økonomiske utfordringane som vi kan møte i livet. Tekstane meir enn antyder at å stole på pengar og materiell rikdom gir lite eller i alle fall mindre sikkerheit enn å stole på Gud, som har omsut for oss. Korleis Jan Kristian vil legge ut denne teksten må du kome til Skodje kyrkje for å høyre. Du får også denne søndagen høyre Nikolas Fehr, som vikarierer for vår eigen Marc som er ute i ferie. Både Jan Kristian og Nikolas er verdt å høyre, når kyrkjelyden samlast til å feire søndagen! Vel møtt!

Tilbake