Kan vi få til eit nytt ungdomsarbeid i Ørskog/Skodje kyrkjelyd ? I går, tysdag 10. juni, møtte i alle fall nokre inviterte ungdomar til Skodje kyrkje for ei samling.
Konfirmanttida vert gjerne den siste kontakta med ungdomane i kyrkja på fleire år. Men vi merkar oss at fleire av ungdomane har hatt eit godt møte med kyrkja gjennom konfirmantåret. Difor tok kateket Solveig initiativet til å invitere årets og fjorårs konfirmantar tilbake til kyrkja på ein "reunion". Fleire meldte interesse, nokre var oppteken tysdag 10. juni, men 9 - 10 ungdomar kom. Vi grilla, hadde nokre artige leikar, samtala og avslutta med ein enkel gudstenestesamling i kyrkja. Dei vart også utfordra på kva dei kunne tenkje seg framover av samlingar og innhald i dei. Godt og vel halvparten ynskja å lære meir om Bibelen og kristen tru ! Og like mange ville gjerne møtast annankvar veke !
Fleire plassar i landet melder ein om ei fornya interesse mellom ungdommar på det som har med kristen tru å gjere. Kanskje er tida komen for ei stille ungdomsvekking.. ? Her er kva som er oppsummert i ein artikkel i Vårt Land onsdag 11/6:
"Er Gud tilbake? Tja. Blant voksne og eldre i Norge er det lite
bevegelse å spore. Blant unge er det derimot tydelige tegn
på at noe er i gjære. Hvis sekulariseringshistorien gjentar seg
med omvendt fortegn og vi fortsatt ligger ti år etter kontinentet
kan vi se store endringer i den offentlige samtalen om kristendom
og tro også i Norge de neste årene."
Lat oss be om ei vekkjing !! Be for oss som planlegg dette, at vi får visdom til å gjere det rette, og at dører kan opnast. OG; om du kjenner du brenn for dette så vil vi gjerne høyre frå deg.