Skodje kyrkjelyd > Vis


Askeonsdags -gudsteneste 18. feb kl 18.00


Komande onsdag vert det tradisjonen tru Askeonsdagsgudsteneste. Dette er ei stille og litt neddempa gudsteneste i inngangen til fastetida.

Askeonsdag har ein lang tradisjon i kyrkeleg samanheng. Heilt attende til Oldkyrkja har fastetida vore markert. Askeonsdagsgudsteneste med teikning av askekrossen kan sporast attende til like før 1100 - talet. I den komande gudstenesta vil vi som tidlegare år ha ein liturgi der vi har ei utvida syndsvedkjenning og høve for kvar einskild til å få teikna askekrossen, i panna eller handa. Kvar einskild, og i saman, får vi også høyre dei frigjerande nådeorda om Jesu tilgjeving. Mange set pris på denne gudstenesta, som i år vert i vinterferien. Vel møtt !

Tilbake