Skodje kyrkjelyd > Vis


Flytting av kvardagsgudstenesta!


I Skodje har det i mange år vore ei rytme med 2 formiddagsgudsteneste søndag og ei kveldsgudsteneste i månaden. Til våren vil kveldsgudstenesta bli flytta.1. gang vert onsdag 21. januar.

Formiddagsgudstenestene har hatt generell god oppslutnad, medan kveldsgudstenesta har slite med oppslutnaden. Soknerådet har difor vedteke å prøve med kvardagsgudstenester vinter/vår 2026 for å sjå om det kan ha ein positiv effekt. Kvardagsgudstenesta vert lagt til onsdag kl 17.30 ein gong i månaden. Dette kan gi fleire muligheiter, som at det kan vere mogleg å få med Skodje kyrkjekor ein og anna gong, dei øver til vanleg klokka 19.00 onsdagar. Barnekora samlast også på onsdagar og dei kan også vere mogleg å få dei med. Ei gruppe vil jobbe meir med innhaldet og sjå om det går an å gjere denne gudstenesta tilgjengeleg for fleire. Nokre vil sikkert sakne kveldsgudstenesta, men i ei prøveperiode vil vi sjå om dette kan samle fleire og kanskje ei større breidde i folk og alder. Første kvardagsgudsteneste vert 21. januar.

Tilbake