Komande tysdag vert årets første temakveld i Skodje kyrkje kl. 19.30.
Tekstkritikk og teksthistoria knytt til Ny testamentet vil nokre forskarar hevde motseier kvarandre. Men kan det óg hende at tekstane frå dei ulike evangelia og brevlitteraturen bekreftar kvarandre ? Vi seier at djevelen ligg i detaljane, her er det nok rettare å seie at GUD ligg i detaljane. Mange små fakta og opplysningar legg bitar inn i eit puslespel som gjer at vi ser at i det totale bilete er evangelia og Det nye testamentet er eit veldig truverdig historiedokument. På temakvelden vil vi dukke inn i ein del av desse tekstane som syner korleis dei ulike evangelia og breva i Ny testamentet saman bekreftar kvarandre, og opnar opp detaljar i fortellingane som vi kanskje har oversett. Sokneprest Jan Løkkeborg vil dele nokre oppdagingar, både frå påskefortellingane, men også frå andre delar av det Nye testamentet.
Bli med på ei spennande reise inn i tekstane som er svært trusstyrkande, opplysande og spennande. Enkel bevertning og høve til samtal. Vel møtt tysdag 10. mars kl 19.30.