Skodje kyrkjelyd > Vis


Temakveld tysdag 12. mai i Skodje kyrkje kl 19.30


Temakvelden i mai vert spennande innblikk i mindre kjent misjonsverksemd. Vi skal ut å flyge !

Mission Aviation Fellowship er ein tverrkyrkjeleg organisasjon driv med flygetenester inn der vanlege rutefly ikkje kan gå. Vi snakkar om avsidesliggjande strø der berre småfly kan lande. Og desse oppdraga kan handle om livsviktig naudhjelp, livreddande medisiner det haster med å få fram. Eller akutt behov for å frakte folk til sjukehus og medisinsk behandling. MAF sine pilotar har nerga mangt eit liv, samt hjelp misjonærar og hjelpepersonell å kome fram til stader som er ganske utilgjengeleg til fots, i alle fall på kort tid. Margaret Norman har vore ute som pilot i MAF og har med seg mange sterke fortelijingar frå oppdrag. Vi vil også få innsikti ein organisasjon som er mindre kjent for manga. Som vanleg vert det tid til ein pause med enkel bevertning og samtale og spørsmål som du lurer på. Vel møtt !

Tilbake