Skodje kyrkjelyd > Vis


Temakveld tysdag 25. august i Skodje kyrkje kl 19.30


Kambodsja - eit land der kyrkja veks.

Sokneprest Jan har vore på sin 5. "misjonsreise" denne våren. I juni returnerte han full av inntrykk i møte med eit land der kyrkja veks og der det er åpent for å dele evangeliet. Han har fått vore med og sett på utviklinga i landet og folket i snart 10 år. Og ikkje berre veks dei kristne forsamlingane, men innsamla midlar har gitt mange betre livsvilkår. Han vil gjerne fortelle om møtet med urbefolkninga og då særskilt frå to landsbyer som han har hatt kontakt med gjennom fleire år. Midlane kjem gjennom den vesle organisasjonen "Kambodsjahjelpen" som kambodsjanaren Sivun Pen grunnla. I 1994 kom han til Noreg som flyktning og overlevande etter at Pol Pot sitt Røde - Khmer regime falt. Det har utvikla seg eit nært og tett venskap mellom han og Jan prest, som har ført til at sistnemnte har fått følge dette arbeidet heilt på nært hald. Denne gongen fekk Jan æra av å døype 12 barn og vaksne. Kom og høyr kva han har å fortelle, og som vanleg vert det enkel beverting og høve til respons og samtale.

Tilbake