Skodje kyrkjelyd > Vis


Frivilligfest for Ørskog og Skodje sokn


Stab og sokneråd ønskjer å takke alle frivillige for innsatsen – og inviterer til festleg kveld på Kyrkjetorget torsdag 29.januar kl. 18.00.

Torsdag 29. januar 2026 kl. 18.00 inviterer stab og sokneråd alle frivillige i Ørskog og Skodje sokn til frivilligfest på Kyrkjetorget på Sjøholt. Dette er ein kveld sett av til å seie takk – og til å vere saman i godt lag.

Frivillige er berebjelken i kyrkjelyden sitt arbeid, og denne kvelden ønskjer vi å samle dykk til ei hyggeleg markering. Det blir servert god mat, og vi legg opp til ei uformell og triveleg ramme der det er rom for både samtale, latter og fellesskap.

Kvelden byr også på eit fint program, og vert avslutta med eit kulturelt innslag i regi av vår kjære kantor i Ørskog kyrkje, Marc Labruijere. Med seg har han dansar Tonje Aas Molnes, og saman vil dei gi oss ei stemningsfull avslutning på kvelden.

For at vi skal kunne berekne mat og pådekking, ber vi om påmelding.
Påmelding skjer ved å trykke på denne lenka: PÅMELDING TIL FRIVILLIGFEST 2026

Vi gler oss til ein kjekk kveld saman – og håpar å sjå deg der!

Tilbake