Vi er allereie inn mot den 2. søndagen i fastetida. Komande søndag vert det nok folksomt i kyrkja, då skal 3 born berast til dåp. Ein felles nemnar i tekstane er uthaldenheit og det å verte sett på prøve.
Fastetida i kyrkjeåret er ei tid med sjølvransaking. Og komande søndag handlar det om å vere uthaldande. Vi møter Jakob som kjempa med Gud gjennom heile natta. Og i evangelieteksten er det ei kananeisk kvinne som ber Jesus om hjelp. Ho gir seg ikkje ! Kor uthaldande kan du vere ? Prøvingar, uthaldenheit og tomod byggjer karakter i oss. Slik sett er fastetida ei tid for å finne ut kva vi er bygd av. Men også ei tid til å finne ut at i vår svakheit finnes Jesus og hans nåde. Noko av dette får du gjerne høyre meir om på søndag som kjem. VEl møtt til kyrkja!