Skodje kyrkjelyd > Vis


TÅRNAGENThelg


Alle andreklassingar er velkomne til Tårnagenthelg i kyrkja 14.-15. mars!

Laurdag og søndag 14.-15. mars inviterer Skodje kyrkje alle 2.klassingar i soknet til å vere tårnagentar i kyrkja. Her får dei utforske kyrkja, Bibelen, kyrkjetårnet og klokkene. Agentane vil i løpet av helga måtte løyse oppdrag og mysterier, og på søndag vil alle som kjem til kyrkja få vite kva agentane har funne ut.

Medlemmar i kyrkja får invitasjon i posten, men arrangementet er opent for alle andreklassingar uavhengig av medlemsskap. 

Alle agentane sover heime, men vil vere saman både laurdag og søndag. Agentane møtast i kyrkja laurdag kl 12:00. Vi holder på til kl 16:00. Søndag treffes vi igjen i kyrkja kl 10:30. Vi holder på til kyrkjekaffen er ferdig, ca kl 12:30. Familie og vener inviteres til Tårnagentgudstjeneste søndag kl 11:00, der agentane vil vere involverte i det som skjer. Meld på ditt barn via lenka her: Påmelding

Tilbake