Komande torsdag vert haustens første Kvardagsgudsteneste og denne gongen vert det presentasjon av årets konfirmantar. Gudstenesta byrjer kl 19.00.
Kvardagsgudstenestene er tenkt lagt opp litt kortare og med litt justert innhald i høve til det vi er vane med på hovudgudstenestene søndag. Nokre gonger får vi kanskje besøk av andre musikarar. Og det kan vere høve til bønevandring. Andre gogner vil vi prøve ut litt ny musikk, og vi har landa på ein mal med litt andre liturgiske melodiar. Dei skulle ikkje vere totalt ukjent for ein som ser innom gudstenestene i mellom. Då håper vi at denne stoppen midt i veka vil nå fleire og breidare ut. Kanskje ikkje alle som prioriterer kyrkja ein søndag....(?) I alle høve; Vel møtt til kyrkje også torsdag som kjem.