Gudsteneste med konfirmantpresentasjon !


Søndag 2. oktober kjem nok kyrkja til å fyllast opp. Rundt 70 konfirmantar skal presenterast for kyrkjelyden. 

 

Søndag kl 11.00 startar konfirmantåret for alvor. Og vi er sikker på at kyrkje vil fyllast til nær siste benk. rundt 70 konfirmantar med føresatte og resten av kyrkjelyden skal få helse på årets konfirmantar. Kantor Arne sit som vanleg på orgelkrakken, elles vert gudstenesta leia av kateket Olav og sokneprest Jan. Denne søndagen kan ein kalle haustens oppstodedag, det skjønar du sikkert når du les tekstane. Det handler om liv av døde og om ei 12 år gamal jente som Jesus vekker opp att frå døden. Vi vonar at du kjem og tek del i gleda denne søndagen !

Tilbake