I år er det 1700 år sidan den eldste og mest økumeniske truvedkjenninga fikk si form. Kyrkjemøtet i Nikea i Tyrkia har ei interessant og spennande historie. Tysdag vil vi prøve å grave litt i den. Merk tida !
I Nikea i 325 var biskopar, kyrkjeleiarar, og ein keisar tilstades for å forme kva dei kristne i verda skulle samlast om og tru dei neste 1700 år. Vi er mest kjend med, og van med den apostoliske truvedkjenninga. Men om vi reiser litt rundt i verdas mange kyrkjer er det nok den Nikenske truvedkjenninga som er mest samlande. Bak dette mest berømte kyrkjemøtet ligger det maktkamp, teologisk kamp og ikkje minst eit ynskje om å finne noko som kunne samle kristne i det som ein gong var berre éi kyrkje i verda. 1700 år etter har ingen klart å formulere dette betre... Det er verd eit lite foredrag. Tysdag kan du få høyre historia.