Komande tysdag vert temakveld. Denne gongen er det Helge Standal som kjem som representant for Den norske Israelsmisjon. Temaet handlar om misjon mot jødar og det jødiske folket. Eit oppdrag som det er lite fokus på.
Det folket som først fikk høyre evangeliet – det jødiske folk – er i dag blant dei som i minst grad har tatt imot evangeliet om Jesus. Faktisk reknast jødane framleis som eit unådd folkeslag i misjonsstatistikken, på linje med områder og folkegrupper som knappast er nådd av evangeliet. Berre rundt 1–2 % av verdas jødar trur på Jesus som Messias. Eit anslag fortel oss at det finnest 300 000–350 000 jesustruande jødar globalt av ein samla jødisk befolkning på rundt 22 millionar. Med andre ord er minst 98 % av jødane framleis ikkje nådd med evangeliet på ein måte som har leia til tru. Kva betyr det for oss, vårt engasjement, har vi eit ansvar? Paulus hadde som visjon å bringe evangeliet til jøde først, og så til grekar (til alle andre folkeslag). Så kvifor har vi gløymd dette oppdraget? Og korleis kan vi bringe evangeliet tilbake til det folket vi fekk det frå, anten dei som bur i Israel eller i andre land i verda? Som vanleg vert det enkel bevertning og høve til samtale. Vel møtt i kyrkja tysdag 19.30.