Komande tysdag vert første temakvelden i haust. Denne gongen skulle temaet vere aktuell til alle tider. Det skal rett og slett handle om Bibelen.
Kva slags bok er det eigentleg Bibelen? Kva slags utbytte har vi av å lese i den og korleis les vi denne boka ?Det finst mange måtar å angripe dei ulike tekstanepå, og det er klart at forskaren studerer Bibelen på ein annleis måte andre bibellesarar. Vi går inn i tekstane med ulike forventningar og hensiktar.
Målet med temakvelden er å auke både interessa for Bibelen og gi kvarandre gode idéar om korleis vi kan berike vår bibellesing. Her finst det heilt sikkert mange gode erfaringar som kan delast. Sokneprest Jan vil innleie, og vi håpar at det kan bli ein god erfaringsutveksling mellom dei frammøtte. Som vanleg vert det enkel bevertning. Vel møtt i kyrkja tysdag 19.30.