Temakveld tysdag 21. november kl 19.30


Samtalens kraft er tema  komande tysdag i Skodje kyrkje.

Gjest denne gongen er Hilde Lillestøl, ho har vore dagleg leiar i Kirkens SOS i Møre og Romsdal i mange år, no er ho fagleg leiar. Temaet ho har vald er samtalens kraft. Kirkens SOS driv som dei fleste veit telefon og - chatte - teneste, der alle kan ringe inn anonymt og få samtalehjelp. Nokre er einsame og treng berre å høyre ei anna stemme, andre slit tungt og får hjelp til å kome gjennom kvardagen. Ifjor mottok Kirkens SOS nær 168 000 samtaler på landsbasis. Og det er med denne erfaringa i botn at Hilde vil kome og dele korleis samtalane verkar i møte med alle desse som nyttar seg av dei gratis tenestene som Kirkens SOS gjev tilbod om. Som vanleg vert det tid til ei pause med enkle forfriskningar, og samtale med høve til spørsmål og respons. Velkommen til Skodje kyrkje kl 19.30 førstkomande tysdag.

Tilbake