Kyrkja den er eit gamalt hus - kva kyrkje vil vi ha i framtida? Jubilanten held seg fortsatt ung og aktuell, ved at kyrkja nær er i dagleg i bruk. Søndag 1. november blir jubilanten markert som seg hør og bør ein ekte 160åring! Etter allehelgensgudsteneste blir det fest for alle som vil vere med å feire, og jubilanten inviterer til kakefest i kantina på Gomerhuset.
Velkommen til feiring!
Allehelgensmesse
Søndag føremiddag blir det allehelgensgudsteneste ved sokneprest Jan Løkkeborg, diakon Asbjørg Oksavik Sve, kateket Olav Rønneberg og kantor Arne B. Varmedal. Ei forsongargruppe frå Skodje kyrkjekor med dirigent Tom Gontier vil delta.
Kyrkjekaffi i Gomerhuskantina
Etter gudstenesta er det rom for å sette seg ned, lytte til musikk og bli servert ved borda. Soknerådsleiar Anne Lovise Ludvigsen Løvås vil formidlar ei barndomsfortelling frå kyrkja på tidlig 1900-tal, skriven av hennar onkel Martin som utvandra til Amerika.
Helge Standal vil gi eit framtidspeik om temaet: «Kyrkja den er eit gamalt hus - kva kyrkje vil vi ha i framtida?» Kyrkjeverje Andrea Hunger vil gi ei helsing til kyrkjelyden. Skodje Røde Kors vil gi ei gåve til kyrkja. Det er strikkeklubben i Røde Kors som har strikka ein dåpskjole som kan leigast ut til dåpsbarn.
Arrangementa er opne for alle og det blir tatt smittevernhensyn. Om nokon er sjuke kan ein ikkje møte.