Skodje kyrkjelyd > Vis


Salmekveld onsdag 4. november kl 19.


Skodje kyrkjekor m/dirigent Tom Gontier og kantor Arne B. Varmedal, inviterer deg til ein tradisjonell SALMEKVELD. Vi markerar også Skodje kyrkje sitt 160 års jubileum, ved at vi får eit innblikk i historia til kyrkja, som vart innvigd 8. november 1860 ❗

Vi ser for oss at dette blir ein fin kveld som gir lave skuldrer og føde for kropp og sjel. Vi følgjer smittevern reglane og har bytta ut det vanlige kveldsmatbordet med poser fylt av både søtt og sunt. Det blir allsang, korsang og høve til å tenne lys ved Globen. La oss oppleve ein kjekke kveld ilag i kyrkja vår, seinhaustes, i året med det rare i. Velkomen skal du vere!

Smittevernreglane vil bli overhaldne, så du kan trygt ta deg ein tur.
Skodje kyrkjekor tar gjerne imot kollekt, enten via Vipps eller pengar i krukka.

Tilbake