Skodje kyrkjelyd > Vis


Gudstenester i Gomerhuset


På Skodje er vi så heldig at lag og foreiningar kan leige kulturhuset. Og difor har Skodje Sokn sikra seg Gomerhuset for gudstenestene ut desember. 6., 13. og 25. desember i tillegg til julaftan er det planlagt gudstenester her.

Myndigheitene har satt begrensingar på antalet som kan møte i kyrkjene. Dette er svært utfordrande for oss som jobber i kyrkjene rundt om, for i juletida og førjulstida er aktiviteten i kyrkjene som høgast. Skulegudstenester og julevandringar finn stad nesten dagleg rett før jul, og særskild julaftan er det fulle kyrkjer. 

På Skodje er vi så heldig at lag og foreiningar kan leige kulturhuset. Og difor har Skodje Sokn sikra seg Gomerhuset for gudstenestene ut desember. Det vert ei annleis jul for kyrkjegjengarane. Kulissene i Gomerhuset er ikkje heilt som i kyrkja, men vi trur at det likevel kan bli fine rammer for både gudsteneste og julefeiring. Då er kapasiteten auka frå 50 til over 150. Vi vonar at mange vil kome til gudstenestene i Gomerhuset i og før jul, og oppleve at bodskapen er den same, om rommet er litt annleis. Velkommen til gudsteneste!

Ved påmelding registrerast namn og telefonnummer til ein kontaktperson per husstand eller kohort. Opplysningane skal brukast til smittesporing dersom nokon blir sjuke. Opplysningane blir sletta 14 dagar etter gudstenesta. Påmeldingsskjemaet vil vise kor mange plassar det er ledig på kvar gudsteneste. Dersom ei gudsteneste ikkje visast i skjemaet så er den ikkje open for påmelding enda. 

Tilbake