Skodje kyrkjelyd > Vis

Vi inviterer til lys-vandring 29. november

I annleisåret 2020 er det mykje som ikkje er muleg, men i staden for å kjefte på mørkeret og alt vi ikkje får gjere i dette «koronaens» år inviterer vi til ei lys-vandring i Skodje kyrkje første søndag i advent. Den søndagen er tradisjonen for lysmessa i Skodjekyrkja. Kyrkja vil vere open frå kl 18 og fram imot kl 19.30.

Sidan kyrkjene ikkje har lov til å ha meir enn 50 inne samtidig opnar vi dørene for ei vandring der de kan vandre igjennom kyrkja, stoppe ved stasjonar der konfirmantar vil lære deg nokke som har med advent å gjere. Vi tenner lys, syng nokre advent-salmar, les tekster, ber bøner, får ei utfordring og tek med velsigninga ut i kvardagen. Vi opnar opp for at ein kan gå åleine, eller i grupper frå same husstand på inntil 5 personar.

Kyrkja vil vere open frå klokka 18, og til fram imot 19.30, eller så lenge der er folk som vil inn. Vi oppmodar alle som vil, til å legge turen innom kyrkja på kyrkjehaugen i dette tidsrommet. Det vert altså ikkje ei gudsteneste med start klokka 18, og vi oppmodar folk til at ikkje alle kjem klokka 18, men til å spreie det utover. Ei vandring vil vere heilt individuelt kor lang tid ein vil bruke, men rekn med 10 til 15 minutt. Vi tek ansvar og vil syte for at det aldri er meir enn 50 til stades på same tid, og vi legg til rette for å halde myndigheitene sine smittevern reglar. Det kan vere at ein må vente litt ute før ein kan sleppe inn i kyrkja, men kle deg godt og ver varmt velkomen.

Vi oppmodar alle som vil, til å legge turen innom kyrkja på kyrkjehaugen i dette tidsrommet. Det vert altså ikkje ei gudsteneste med start klokka 18, og vi oppmodar folk til at ikkje alle kjem klokka 18, men til å spreie det utover. Ei vandring vil vere heilt individuelt kor lang tid ein vil bruke, men rekn med 10 til 15 minutt. Vi tek ansvar og vil syte for at det aldri er meir enn 50 til stades på same tid, og vi legg til rette for å halde myndigheitene sine smittevern reglar. Det kan vere at ein må vente litt ute før ein kan sleppe inn i kyrkja, men kle deg godt og ver varmt velkomen.

Takk for at du registrerer og melder på deg sjølv og ditt følge her: PÅMELDING 

Tilbake