Skodje kyrkjelyd > Vis


Spor av tru - i adventstida.


I år som åra før inviterer vi til "Spor av tru - i adventstida". Jan prest har med seg eit spennande intervju - objekt, og i år har Magne Fremmerlid sagt ja til å sitte i godstolen for ein prat. Det vert sjølvsagt også mykje song og gode musikkinnslag.

I nokre år har Jan prest fått intervjue lokalkjende personar i godstolen framme i koret i kyrkja. Mange har gitt uttrykk for at dette er fine samlingar der gjestane byr på seg sjølv og opnar opp om oppvekst, jueltradisjonar og tru. I ei avlsappa atmosfære der juletilboda og Black Friday ikkje når deg (!) kan du senke skuldrane og kjenne på den rette julestemninga når vi syng julesongar og også får høyre god musikk. Marc Labruijere vert også med og leier musikken denne kvelden. Og kjem du i god tid før kl 19.30 vil du rekke i ein kopp med gløgg og pepparkaker. 
I år så langt har Magne Fremmerlid svara ja. Han er scenevant og meir enn ein lokalkjendis. Men kanskje ikkje så ofte han er i denne situasjonen der han skal fortelje om seg sjølv. Vi gled oss veldig til besøket, og er glad han tok seg tid midt i alle konsertane han og Charlotte har i førjulstider.

Tilbake