Ny soknerådsleiar


Tove Solheim Kristensen er valt som ny leiar i Skodje sokneråd. Elisabeth Bjørdal Leine fortset som nestleiar. Vi takkar Anne Lovise Løvås for leiartenesta som ho har hatt dei siste åra.

 

Tove Solheim Kristensen er nyvalt leiar i Skodje sokneråd. Elisabeth Bjørdal Leine tok attval som nestleiar. Vi takkar Anne Lovise Løvås for leiartenesta som ho har hatt dei siste åra. 💐Ho ynskte å ikkje ta attval, men held fram som soknerådsmedlem. Jfr. Kyrkjelova sine Verksemdsreglar for råda § 1 nr. 3, skal leiar og nestleiar veljast innan 1. januar kvart år blant dei faste medlemane i soknerådet i eit skriftleg val. Soknerådet har valperiode på 4 år, siste soknerådsval var hausten 2019. Tre av dei som er med no er inne i si andre valperiode. Vi ynskjer leiar og nestleiar til lukke med valet!💐

Bilde: Ny leiar i soknerådet frå januar 2021, Tove Solheim Kristensen. Her fotografert 17. mai i det fyrste koronaåret. Privat foto.

Tilbake