Skodje kyrkjelyd > Vis


Bibelmaraton - Bibelen på 40 dagar


Velkommen til samling kvar onsdag kl 18 i Skodje kyrkje. Det blir salmesang og samtale om bibeltekstar frå lesinga av Bibelen på 40 dagar. Lettversjonen er å lese berre nytestamentet. Askeonsdag var det oppstart og det blir samlingar i heile fastetida.

Fastetida er snart igong og med den utfordrast vi til å senke tempo og førebu oss på den store påskefeiring. Vi kan gjere mykje ut av fastetida, eller så lite som å berre å ete fastelavnsbollar… Vi ynskjer å utfordre familiane og kvar einskild til å rydde unna tid , kanskje kutte skjermtid og bruke meir tid på kvarandre og prøve å samle tankar i kva som er eigentleg er viktig. Noko av det du KAN gjere er å lese i Bibelen.

«Gamlepresten»  Per Inge Vik utfordrer deg til å vere med på ei reise i fastetida, nemleg ei reise gjennom Bibelen. Bibelmaraton handlar om å prøve lese gjennom heile Bibelen på 40 dagar. I videoen kan du høyre korleis  det kan gjerast. Og korleis vi kan inspirerere kvarandre til å lese heile eller deler av Bibelen i løpet av fastetida

Dette kan være av interesse ut over soknegrensene også, Velkommen til maraton!

Her er linken til videoen på Youtube: https://youtu.be/ohw_VkASojo 
 

Tilbake