OPA KYRKJE I FASTETID


ENDRING: DENNE SAMLINGA ER NO OMGJORT TIL OPA KYRKJE. Velkommen til opa kyrkje i fastetida torsdag 25. mars kl 18.

 

ENDRING: Pga. nye nasjonale reglar frå regjeringa og Den Norske Kyrkje kan vi ikkje ha arrangement. Difor vert det ikkje SAMLING I FASTETID 25. mars kl. 18. som annonsert. (Sjå under). I staden vert det OPA KYRKJE same tidspunkt der diakonen vert til stades. Du kan kome og sitje i kyrkjebenken og lytte til fine påskesalmar som Jorunn Bakke Orvik spelar på flygelet, tenne lys og/eller samtale med diakonen som vil sitje bak i kyrkja. Det er ope for inntil 10 personar i kyrkjerommet. 

 

Det som opprinneleg var annonsert:

Velkommen til samling i kyrkja i fastetida torsdag 18. mars og torsdag 25. mars. Begge samlingar er kl 18.

Ynskjer du ei roleg stund til ettertanke i kyrkja? Diakoniutvalet i Skodje inviterer til to torsdagskveldar no ved inngangen til påske. Ei kveldsbøn med tekstrefleksjon, bøn og song på omlag ein halv time, deretter kan ein sitje stille i benken og lytte til musikk og tenne lys eller skrive bøner før ein går ut. Denne fyrste kvelden har Tove Solheim Kristensen refleksjon over tema og har valt salmen "Se vi går opp til Jerusalem". Tove er leiar i soknerådet og medlem i diakoniutvalet. Så har vi ein musikalsk gjest frå nabosoknet Vatne, Jorunn Bakke Orvik. Ho har vore organist og er no diakonimedarbeidar i Haram. Diakon Asbjørg Oksavik Sve leier samlinga.

Tilbake