Skodje kyrkjelyd > Vis


Gudsteneste 25. april kl 11


Velkomen til gudsteneste ved Jan Løkkeborg og Arne B. Varmedal i Skodje kyrkje søndag 25. april kl 11. Det vert dåp, nattverd og kollekt til NMS. 

Komande søndag er det endeleg gudsteneste igjen i Skodje Kyrkje. I preika får vi høyre om kva som skil Judas og Peter. Kva var forskjellen mellom sviket til Judas og Peter si fornekting ? Evangelieteksten handlar også om kjærleik, og du kan få høyre korleis Gud rommar alle menneske, også ein Judas og ein Peter i sitt fylgje. Det viktigaste er kva vi gjer med våre svik.

Nattverdbordet vert dekt, og vi skal også minnast dei som er godt bort sidan sist vi var samla. Offeret går til NMS. Kyrkjelyden har misjonavtale med NMS og støtter arbeidet i Estland. Det er plass til 50 – 60 personar, og vi vonar at kapasiteten vert sprengt på søndag 😉

Tilbake